Job Description
Open omsorg indre har ledig fast 100% stilling som assistent. Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til at heimebuande får ein trygg, verdig og god kvardag, og som trivst med å jobbe sjølvstendig i eit fagmiljø med høg kvalitet og godt humør. Du vil ha base i Svelgen, men kunne yte tenester til brukarar i heile OOI.
Arbeidsoppgaver
- Praktisk bistand og reingjering i heimen hos brukarar på kvardagar.
- Bidra til tryggleik, struktur og gode kvardagsrutinar.
- Samarbeid med kollegaer, pårørande og andre fagpersonar.
- Dokumentasjon i tråd med gjeldande rutinar.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer oss deg som har erfaring frå pleie- og omsorgsarbeid, men du er òg velkomen som søkjar dersom du har interesse for faget og ønskjer å lære.
- Legge fram politiattest av nyare dato.
- Ha førarkort klasse B.
- Beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.